Om oss

Leverandør til norske fiskeoppdrettarar

Kjellmi leverer bl.a. Softacid Aqua M, Natriumhypokloritt, Natronlut og andre kjemikaliar til fiskeoppdrett og fiskeslakteri/foredling langs heile vestlandskysten.

Me har eigne bilar (lastebil og tankvogntog) som køyrer varer direkte ut til kundar. I tillegg vert mykje av varene frakta av H.I. Berge Transport AS.

I dag leverer me til kundar langs heile Vestlandskysten, frå Møre til Aust-Agder.

For fullstendig vareliste, sjå «Tenester og produkt».

 Ta kontakt for meir informasjon om prisar og andre tenester.

Om Kjellmi

Kjellmi AS vart starta i år 2000 av Kjell Berge i Strandebarm.

Pr 01.10.2020 har bedrifta 3 tilsette, og ein omsetning på ca 30 mill. kroner pr år.

Bedrifta er lokalisert i Strandebarm i Hardanger, og er retta mot fiskeoppdrett og fiskeslakteri/foredling.